
torsdag 19. november 2009
Life of Brian

onsdag 18. november 2009
Colours of London

Dører finn du òg i alle fargar. Limegrøne, rosa, blå, raude, svarte, oransje, turkise - kort sagt; alle fargar.


Til og med menneska og kleda er fargerike i London!
Portobello Road sjarmerer mange med sine fleirfarga hus og små boder.


Også er det London Eye. Eller berre The Eye, som den blir kalla. Det enorme pariserhjulet er kjend for mange og kan sjåast på lang avstand. Når det gjeld bildet til høgre, så kan det kan vere greitt for nordmenn å vite kva veg dei skal sjå i dét dei gjer seg klare til å krysse vegen.
tirsdag 17. november 2009
Bruken av IKT i skulen går ned
torsdag 5. november 2009
Viljens triumf

[1] Sitat henta frå http://www.bergen-filmklubb.no/Arkiv/CINEMATEKET_USF/vaaren_2005/VILJENS_TRIUMF.html
onsdag 4. november 2009
Løvekongen


Musikalen har fått eit veldig sterkt preg av Afrika. Til dømes er mandrillen Rafiki i musikalen ei slags vis trollkvinne av noko slag, i staden for det raudnasa sjimpanseliknande dyret vi kjenner han som. Rafiki syng noko som i mine øyrer høyrest ut som eldgamle, afrikanske trolldommar og er ikledd ei afrikansk drakt av noko slag. Dansande grasstrå og likande er òg ein del av det heile. Slik er musikalen fantastisk; menneske spelar alle roller.
Hovudrolleinnehavar Shaun Escoffery (Simba som vaksen) har fleire sterke musikalske prestasjonar i denne musikalen. Høgdepunktet for min del er nok He lives in you, songen der faren Mufasa, som tidlegare har døydd, viser seg i form av eit kjempeløvehovud og talar til Simba. Dette får Simba til å innsjå kven han eigentleg er. Han skjønnar at han må lære av feila sine og vende attende, slik at han kan bli den neste løvekongen. Eit anna, svært humoristisk og livleg høgdepunkt er Timon og Pumbaa sin Hakuna Matata. Den bekymringsfrie tankegangen smittar lett, og snart er det ein fullsett og smilande sal som sit der.Sjølv om musikalen nettopp har feira ti års jubileum i London i haust, så er det mage forventningar som skal innfriast når det er eit såpass kjent stykke det er snakk om. Desse forventningane innfrir sikkert for mange, men personleg saknar eg ein enda meir heilskapleg versjon av den kjente Can you feel the love tonight, for eksempel. Kortversjonen er heilt grei, men den mangla trøkket, energien og ”det lille ekstra” for å bli magisk, noko det absolutt kunne ha vore. Likevel er det med god grunn ein av
dei aller lengst viste musikalane nokon sinne. Det er eit imponerande meisterverk av skodespelarar, Julie Taymor (regissør, kostymedesignar og masker) og scenemannskap. Absolutt verd ein visitt dersom du planlegg å besøke verdsmetropolen London.onsdag 21. oktober 2009
onsdag 7. oktober 2009
Sofie den gode
- Eg er kanskje litt monster på innsida, men ganske flink til å skjule det, trur eg, smiler Sofie lurt.
Sjølv om mor hennar som sjølv jobbar både seint og tidleg, i fjor haust skulda henne for å vere som Hermine Grang i Harry Potter, er Sofie ein heil himmel meir enn Hermine. Sofie er sosial og med på alt heilt ut i dei seine nattetimar (eller var det tidlege morgontimar?). Sjeldan ser du Sofie i dårleg humør, og har du det eine eller det andre problemet, stort eller smått, kan det meste fiksast med ei dose Sofie.
Sofie sjølv, meiner at noko av grunnen til det gode humøret hennar nettopp er at ho ikkje greier å vere sint over lang tid. - Det er kjedeleg å vere sur, det gidd eg ikkje, seier ho. Denne innstillinga gjer ho til ein godt likt person med mange venner og ein brei omgangskrets.
Kva interesserer gode Sofie da? – Venner er viktig for meg, svarar ho kjapt. Også er eg litt fan av heimekos med baking, bøker, tv og data. Likevel kan ho bekrefte påstanden om at ho er interessert i verda og det som skjer rundt ho. – Ja, eg er jo det. Men eg har lyst til å drive med så mykje forskjellig at eg ikkje heilt klarar å bestemme meg. Også er eg ganske treig og litt lat smiler ho lurt.
- Kva eg gjer om ti år? Da jobbar eg for ei betre verd ein eller annan stad. Eg vil iallfall jobbe med menneske på den eine eller andre måten, anten det er å løyse verdsproblem eller det er å spreie glede med ein koseleg kafé i den elles så grå kvardagen til folk. Og kven veit, kanskje er ho ti år i framtida aktuell som ein sentral internasjonal arbeidar for fred?
søndag 20. september 2009
John Wayne

John Wayne er "scenenamnet" på ein svært kjend, amerikansk skodespelar, regissør og produsent. Han heitte eigentleg Marion Mitchell Morrison og levde frå 1907-1979. Han er kjend for sitt maskuline vesen og har derfor ofte hatt roller med slik karakteristikk. Nettopp derfor har han hatt roller i fleire westernfilmar. Han har dessutan spela i ei rekke filmar, dei fleste frå 1974 og utover, heilt til hans siste film i 1976. Han har fått ei eiga stjerne på Hollywood Walk of Fame og i juni 1980 fekk han Presidentens friheitsmedalje. I ein av hans tidlege filmar, Sagebrush Trail, spelar han rolla som cowboyen John Brant. Der er han hovudperson og skulda for mord, trass i at han eigentleg er uskuldig.
Elles hadde John Wayne eit konservativt politisk syn, og støtta mellom anna antikommunistar i si tid. Og i 1999 nominerte Det amerikanske filminstituttet han til ein av dei beste mannlege filmstjernene nokon sinne.
Bilde
torsdag 3. september 2009
mandag 31. august 2009
Om westernfilmar

Når nokon nemner ordet western eller westernfilm er det fleire bilde som dukkar opp i hovudet mitt. Eg tenkjer med ein gong cowboyar, hestar, skyting, amerika, cowboykultur, "westernmusikk", drama, barar, drikking, lettkledde damer og generellt - det ville vesten.
Westernfilmar er i dag ein eigen sjanger innanfor filmindustrien, og dei er kjenneteikna av stikkord som dei ovanfor. Du skjønnar med ein gong du tek til å sjå ein film, om dette er ein westernfilm eller ikkje. Dette er fordi særtrekka er såpass markante.
Det viktigaste innhaldet i ein westernfilm er nok likevel cowboyar. Cowboyar som kjempar om eitt eller anna, som skal ta kvarandre. Handlinga er som regel lagt til ein eller annan gong på 1800-talet og ikkje minst - til Amerika.
Ein ganske ny westernfilm, som kom i 2008, er Appaloosa. Her møter vi sherriffar, revolvermenn og nedstøva byar - det som høyrer med, altså. Sjølvsagt er det nokon som ikkje spelar heilt etter reglane når dei skal redde det eine og det andre og det heile toppar seg når det kjem ei ung og vakker enke inn i bildet.
Ein klassikar frå 1966 derimot, er The good, the bad and the ugly. Om ein samanliknar dei to filmane, trur eg ein finn ganske mange fellestrekk ved dei. Dei er begge westernfilmar. The good, the bad and the ugly inneheld òg fredlause revolvermenn, action og sherriffar. Pengar er òg med i bildet. Filmen avsluttar med ein revolverkamp ein seint vil gløyme, i følgje wikipedia sin artikkel.
torsdag 27. august 2009
World Press Photo

Desse to gripande bilda er henta frå World Press Photo. På det fyrste er det noko med mannen og det uttrykket han har. Det fortel ei historie om det han har opplevd og mista. Ikkje minst sit eg att med fryktleg mange spørsmål etter å ha sett det. Kva har skjedd? Kvifor er han heilt åleine og kvifor er det så tomt? Kven si jakke er det? I tillegg er det veldig godt komponert og redigert. Det ser fryktleg "stille" ut, men samtidig står mannen midt i bildet og skrik av full hals og tek all merksemd.

onsdag 19. august 2009
Jens, Jonas og Twitter

Det nærmar seg stortingval 2009. Politikarane debatterer etter tur og skrålar i munnen på kvarandre. Masar om skattekutt, miljøkrise og deira visjon. Den nye kanalen ut til folket er Internett. Det er der folk er og det er der folk ser dei. Facebook og Twitter er to av hovudarenaene i den nye valkampen. Jens og Jonas til dømes, dei twitrar.
Dagbladet skreiv i går ein artikkel med tittelen "Gi Jens et twitterkurs, Jonas!". Dei skriv om dei to ap-politikarane sin bruk av nettstaden og påpeikar at Jonas har posta fleire oppdateringar på si første veke enn det Jens har gjort sidan april. Jonas er med andre ord inne dagleg, gjerne fleire gongar.
"I debatt med meg i går sa Siv Jensen at ekteskapsloven er naturstridig. Men Frp er for aktiv dødshjelp. Det mener jeg er naturstridig." Dette posta Jonas i går. Politikarane brukar Twitter for å fortelje kvar dei står i forhold til ulike saker og ikkje minst for å gje folk kjensla av at dei er der dei er, at dei er akkurat som vanlege folk. Jonas til dømes, svarar folk på alle moglege spørsmål. Jens derimot, er, som Dagbladet skreiv, noko mindre aktiv og svarar ikkje folk på same måten. Om denne personifiseringa av politikken skapar meir interesse blant folket er uvisst for meg, eg lurar heller på kva neste trekk er. Realityshow?

