
Når nokon nemner ordet western eller westernfilm er det fleire bilde som dukkar opp i hovudet mitt. Eg tenkjer med ein gong cowboyar, hestar, skyting, amerika, cowboykultur, "westernmusikk", drama, barar, drikking, lettkledde damer og generellt - det ville vesten.
Westernfilmar er i dag ein eigen sjanger innanfor filmindustrien, og dei er kjenneteikna av stikkord som dei ovanfor. Du skjønnar med ein gong du tek til å sjå ein film, om dette er ein westernfilm eller ikkje. Dette er fordi særtrekka er såpass markante.
Det viktigaste innhaldet i ein westernfilm er nok likevel cowboyar. Cowboyar som kjempar om eitt eller anna, som skal ta kvarandre. Handlinga er som regel lagt til ein eller annan gong på 1800-talet og ikkje minst - til Amerika.
Ein ganske ny westernfilm, som kom i 2008, er Appaloosa. Her møter vi sherriffar, revolvermenn og nedstøva byar - det som høyrer med, altså. Sjølvsagt er det nokon som ikkje spelar heilt etter reglane når dei skal redde det eine og det andre og det heile toppar seg når det kjem ei ung og vakker enke inn i bildet.
Ein klassikar frå 1966 derimot, er The good, the bad and the ugly. Om ein samanliknar dei to filmane, trur eg ein finn ganske mange fellestrekk ved dei. Dei er begge westernfilmar. The good, the bad and the ugly inneheld òg fredlause revolvermenn, action og sherriffar. Pengar er òg med i bildet. Filmen avsluttar med ein revolverkamp ein seint vil gløyme, i følgje wikipedia sin artikkel.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar