torsdag 27. august 2009

World Press Photo








Desse to gripande bilda er henta frå World Press Photo. På det fyrste er det noko med mannen og det uttrykket han har. Det fortel ei historie om det han har opplevd og mista. Ikkje minst sit eg att med fryktleg mange spørsmål etter å ha sett det. Kva har skjedd? Kvifor er han heilt åleine og kvifor er det så tomt? Kven si jakke er det? I tillegg er det veldig godt komponert og redigert. Det ser fryktleg "stille" ut, men samtidig står mannen midt i bildet og skrik av full hals og tek all merksemd.


Det andre bildet fortel òg ei historie. Dei to personane som blir skilt frå kvarandre med makt er tydleg glade i kvarandre. Hendene mot kvarandre på ruta viser det. Også her sit eg att med mange spørsmål. Kven er dei to personane? Kvifor blir jenta, som tydleg har gråte, frakta vekk i ein bil? Kva har skjedd? Ligg det forbode kjærleik bak? Jenta har òg eit uttrykk som fortel så mykje at eg ikkje heilt klarar å tolke det.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar