søndag 14. mars 2010

Dogumentar: Ungdommens råskap


- ein dogumentary-film av Margreth Olin

Ungdommens råskap er ein dogumentary-film frå 2004. Filmen tek for seg nokre tiendeklassar ved Hauketo ungdomsskule og nokre utvalde elevar er filma meir enn andre. Gjennom filmen ser vi ein del konfliktar og ”problem” som oppstår, både mellom elevar, på tvers av kulturar og mellom elevar og lærarar. Vi får inntrykk av at det til tider er eit ganske hardt og brutalt skulemiljø, der mellom anna ein lærar blir dytta til av ein elev. Eg synest filmen er underhaldande og dessutan interessant, fordi eg trur slike episodar som filmen inneheld førekjem på norske skular den dag i dag.

Dogumentary-regel 2 er ”Filmens ide og formål skal skisseres kort i begynnelsen av filmen”, og dette blir gjort i Ungdommens råskap. Noko av det første vi ser er nemleg eit utdrag av eit dikt av Jens Bjørneboe. Utdraget seier noko slikt som at ungdom og vaksne ikkje snakkar same språk, dei forstår ikkje kvarandre, men likevel saknar du ungdomstida så snart du blir vaksen. Filmen handlar nettopp om ungdommar, korleis dei kommuniserer, reagerar og handlar. Vi ser òg korleis lærarane og elevane ikkje alltid er på same planet, men sidan er dei stolte av elevane sine når dei har berga seg rimeleg bra på munnleg eksamen (til trass for heller dårlege standpunkt). Filmen avsluttar òg med at vi ser den vesle dottera til regissøren Margreth Olin stabbe seg opp trinn for trinn i ei trapp på skulen. Ho er snart den neste som skal kaste seg ut i ungdomstid – ei tid med fridom og utfordringar.

Dogumetary-regel 4 er ”Alle klipp skal markeres. (Unntaket er klipp i ”real-time”, det vil si direkte klipp i en flerkamera-stituasjon).” Klippa i denne filmen er svært tydlege, av og til irriterande tydlege. Det er gjerne eit bittelite opphald mellom to klipp, der skjermen blir svart og det ikkje er noko form for lyd. Sjølv om dette berre er snakk om eit ørlite opphald er det nok til at iallfall eg rakk å lure på om filmen hadde stoppa. Det blir klipt før du anar det i Ungdommens råskap, det gjer til dømes ingenting om det er midt i ei samtale.

Dogumetary-regel 6 er ”Lyd må aldri produseres atskilt fra de originale filmopptakene eller omvendt. Det er ikke tillatt å mixe inn musikk eller dialog i etterkant.” Filmen inneheld utelukkande det vi kallar reallyd. Det vil seie den lyden som ”skjer” der og da opptaket blir gjort. Lyden er altså naturleg. Dette gjer at det av og til er vanskeleg å få med seg dialogar og samtalar, fordi folk snakkar heilt vanleg, som om det ikkje var ein film, og det kan derfor gå litt fort eller vere litt utydeleg. Det kan òg vere irriterande, fordi ein høyrer godt ”ulydar” og støy som glidelåsar, rasping, dunk m.m. Likevel har det truleg vore ein lydmann inn i bildet og forsterka/dempa ettersom det passar seg. Verdt å merke seg at rulleteksta har musikk som er lagt på i etterkant.

Det er eit diskusjonsspørsmål om dogumentaryen er meir ”sann” enn dokumentaren. I ein dokumentar har ein meir friheit når det gjeld redigeringa, ein kan fikse og trikse meir, og derfor både ”pynte” og ”forverre”. Men likevel er dogumentaryen berre mange klipp av mange, mange timar med film, og det er derfor ikkje heile ”sanninga” som blir vist på skjermen. I dogumentaryen er det forbode med bruk av skjult kamera, som da kan brukast i ein dokumentar. Det er openbart at folk oppfører seg annleis dersom dei veit at dei blir filma enn når dei ikkje veit noko om det. Skjult kamera kan derfor fange opp heilt naturlege og realistiske scener, og dette vil aldri kunne skje i ein dogumentar, der skjult kamera som nemnt er forbode.

Kjelde: Asbjørnsen, Bjørnsen, Kjendsli, Løvskar, Totland: "Mediemøte 2", Aschehoug 2007. Bilde

fredag 26. februar 2010

Kva gjer Pulp Fiction til ein postmoderne tekst?


Filmen Pulp FIction frå 1994 handlar om stoffmisbruk, svindel og grov kriminalitet. Alt foregår tilsynelatande i eit svært brutalt miljø, der blodbad skjer midt på lyse dagen. Så, midt i ei dramatisk spennande scene, til dømes i eit væpna ran, siterer hovudpersonane Bibelen medan andre snakkar til kvarandre som om dei var på ei roleg ferieøy. Eller, når boksaren Butch kjem attende til kjærasten sin og har tydleg vore igjennom litt av kvart. Han har drept eit par og er sjølv meir enn middels blodig. Likevel snakkar dei om pannekakar med blåbær, og det er absolutt ikkje ein motorsykkel han har rappa. Det er ein "Chopper".

Pulp Fiction er ein film med store kontrastar, til tider ironiske kontrastar. Den er sydd saman av mange historier, og hoppar derfor mellom ulike tider og scenario. Trass i at vi ser slutten både først og sist, så døyr ein av hovudpersonane (som er med i siste scena) i midten av filmen. Dei store kontrastane, og nesten latterleggjeringane i tillegg til komposisjonen i denne filmen, gjer at dette er ei postmodernistisk medietekst. Kjelde Bilde

søndag 14. februar 2010

Dykk i arkivet: viktigaste tv-minne

Det er over 6 år sidan jordskjelvet og tsunamien i Indiahavet. Skjelvet som på det kraftigaste vart målt til 9,3 på richters skala tok truleg livet av over 300 000 menneske (berre dei hardast ramma landa) og gjorde over 1,5 million menneske heimlause. Byar og bustader gjekk i oppløsying. Folk mista alt dei hadde. Verda var vitne til ei naturkatastofe vi seint kjem til å gløyme. Eg hugsar det var 2. juledag og onkel som slo på tven. Sjokkerande nyheiter om ei av nåtidas verste naturkatastofer strøymde mot oss i takt med flodbølgjene. Samtaleemnet rund kaffebordet vart noko einsformig den dagen.

torsdag 11. februar 2010

Alfred Hitchcock: The Rope


Filmen ”The Rope” frå 1948 er regissert av britiske Alfred Hitchcock. Den omhandlar dei to vennene Philip og Brandon som kveler den tidlegare klassekameraten David. Motivet bak drapet er rein ideologi, dei har ikkje noko særskilt ”på han”. Ideologien deira, som og heng saman med temaet i filmen, er at nokre er ”sterkare” enn andre i samfunnet og at dei er overlegne dei som er ”svakare”. Brandon er overtydd om at dei er overmenneskelege, og slik rettferdiggjer han drapet. Ideologien kan samanliknast med nazismen og Hitler sine tankar, der den ariske rasa var overlegen jødane og ”svake” i samfunnet.

Filmen er kjend for måten den er filma på. Den har til dømes nesten ikkje klipping, sidan det er mest samanhengande filming på same location. Det er brukt mest halvtotalt utsnitt, med nokre nærbilde innimellom, da av viktige gjenstandar som til dømes mordvåpenet, nemleg reipet. Filmen inneheld òg ein del metaforar, som når Philip blir kalla ”the chickenstrangler”. Det er nemleg Philip som utfører sjølve kvelinga, medan den manipulerande Brandon berre hjelp til og assisterar. Philip er den litt meir underdanige typa som blir nytta som eit verktøy, og han lar seg herse med. Han er med andre ord ”kyllingen” som kveler. I ei samtale med mannen Rupert, som dei har gamal kjennskap til, kjem det òg fram at Philip ein gong i tida har kvelt kyllingar på den bokstavlege måten.

Det er ytterlegare parallellar til nazismen og Hitler sin tankegang i denne filmen. Brandon er den som får andre, altså Philip, til å utføre dritjobben. Han kontrollerar Philip store delar av tida. Filmen avsluttar med at Rupert, som har sakna David, finn ut av mordet og innser at han får sine eigne ord mot seg. Rupert har nemleg vore ein slags rettleiar for Brandon og Philip i tidlegare år, og er til sjuande og sist opphavsmannen bak ideen om overmennesket.

Kjelder:

tirsdag 19. januar 2010

Tanzania: Media og korrupsjon



Tanzania er eit land i den tredje verda, heilt sør-øst i Afrika. Med ei befolkning på om lag 44 millionar og eit areal på ca 945 000 kvadratkilometer, bur dei ca tre gonger så trongt som det oss i Noreg.


Media har ein god del innflytelse på det daglege livet i Tanzania i dag. Dei informerer, formidlar kunnskap og underheld. Media i Tanzania prøver så godt dei kan å tilfredsstille det krevjande publikummet. Om lag 60 % av heimane har radio, medan over 85% av befolkninga kan lese og skrive.


Den eldste og dessutan ein av dei største avisene i landet er statseigd og heiter Daily News. Televisheni ya Taifa er namnet på det statseigde fjernsynsnettet. Tanzania har òg ein statseigd radiokanal som heiter Radio Tanzania Dar es Salaam. I tillegg til desse statseigde media, finst det atskillige privateigde medieformidlarar. Dei har dessutan òg kringkasting av BBC News, Voice of America og Deutsche Welle.


I undersøkjinga Corruption Perception Index gjort av Transparency International hamnar Tanzania på 126. plass. Nabolandet Kenya hamna på 146. plass i same undersøkinga, men har nok ikkje særleg mykje meir korrupsjon enn Tanzania, skriv den internasjonale journalisten Christine Afandi Agalomba i Bistandsakutuelt 27.12.09. Grunnen til dei ulike plasseringane på lista er heller at Kenya er flinkare og modigare til å avsløre korrupsjon i landet sitt enn det Tanzania er. Altså straffar det seg å avsløre korrupsjon i sitt eige land, sidan dei da mistar diverse økonomiske stønader frå bidragsytarar. I Tanzania er det ikkje uvanleg at avslørande reportasjar som avdekkjer korrupsjon blir stoppa av redaktørar, sjølv om journalistane har hatt ein omfattande jobb med dei. Og dét gjerne etter at redaktøren har fått ein telefon frå ein eller annan minister. Frykta for å utlevere seg sjølv kjem altså i vegen for å møte fakta.

fredag 15. januar 2010

"å walraffe"

Günter Wallraff er namnet på tyskaren fødd 1. oktober 1942. Ein tyskar ikkje heilt som alle andre. Journalisten og forfattaren er særleg kjend for sine "skitne triks" på 70- og 80-talet. Det var på denne tida at han kom med svært samfunnskritiske og avslørande reportasjar og samfunnsromanar om livet som arbeidar i Tyskland. For å verkeleg gå i djubda av temaet og få førstehandsinformasjon gav han seg ut for å vere arbeidar sjølv og tok derfor jobb i industrien. Med falskt namn og forkledning fekk han vite ting han elles ikkje ville fått vite dersom han hadde undersøkt saken som journalistar flest gjer. På denne måten kunne han altså dokumentere dei dårlege arbeidstilhøva mellom anna innvandrarar lei under. Denne gravande journalistmetoden har seinare fått namnet "å walraffe", og har både blitt kopiert og fått kritikk for at den er uetisk.

Kjelder: Dag og Tid, Wikipedia, Bilde

torsdag 19. november 2009

Life of Brian


Den britiske komedia Life of Brian vart utgjeven i 1979. Filmen som på norsk har fått tittelen Profeten Brians liv og historie, vart ikkje automatisk tillaten i Noreg. Da den kom hit i 1980, vart den først stoppa, og vart ikkje lovleggjort før langt seinare same år. Medietilsynet, eller Statens filmkontroll som det den gongen heitte, begrunna avgjerda med at den var blasfemisk og viste derfor til blasfemiparagrafen. Blasfemiparagrafen jobbast det med om dagen. Regjeringa vil nemleg fjerne paragrafen, og i staden utvide rasismeparagrafen til å omhandle "angrep på religion eller livssyn". Så gjenstår det å sjå korleis dette blir i praksis.


Når det gjeld sjølve filmen, så er det forståeleg at den vart skulda for å vere blasfemisk. Trass i at hovudkarakteren heiter Brian, og ikkje Jesus, så er det tydlege paralellar til den historia vi kjenner frå Bibelen. Det første vi ser er silhuetten av tre mystiske menn som rir på kamelar mot ei stor stjerne på nattehimmelen. Det neste er at dei besøkjer ei mor (spelt av ein mann) med ein liten baby. Dei ber med seg gaver som dei hevdar er gull, røkelse og myrra. Gjennom filmen veks barnet opp, blir vaksen, og blir alltid sett på som frelsaren. Dessutan er det ein del snakk om krossfesting gjennom filmen. Det er mange som let seg krossfeste og denne handlinga blir derfor simplifisert på eit vis og latterleggjer også Jesus og den historiske krossfestinga. Likevel har eg vanskleg for å forstå at filmen først fekk 18 års aldersgrense. Den er komisk, men ikkje grotesk på den måten som filmar med den aldersgrensa er i dag. Ikkje før i 2004 vart filmen sett ned til 11 års aldersgrense.