
Det nærmar seg stortingval 2009. Politikarane debatterer etter tur og skrålar i munnen på kvarandre. Masar om skattekutt, miljøkrise og deira visjon. Den nye kanalen ut til folket er Internett. Det er der folk er og det er der folk ser dei. Facebook og Twitter er to av hovudarenaene i den nye valkampen. Jens og Jonas til dømes, dei twitrar.
Dagbladet skreiv i går ein artikkel med tittelen "Gi Jens et twitterkurs, Jonas!". Dei skriv om dei to ap-politikarane sin bruk av nettstaden og påpeikar at Jonas har posta fleire oppdateringar på si første veke enn det Jens har gjort sidan april. Jonas er med andre ord inne dagleg, gjerne fleire gongar.
"I debatt med meg i går sa Siv Jensen at ekteskapsloven er naturstridig. Men Frp er for aktiv dødshjelp. Det mener jeg er naturstridig." Dette posta Jonas i går. Politikarane brukar Twitter for å fortelje kvar dei står i forhold til ulike saker og ikkje minst for å gje folk kjensla av at dei er der dei er, at dei er akkurat som vanlege folk. Jonas til dømes, svarar folk på alle moglege spørsmål. Jens derimot, er, som Dagbladet skreiv, noko mindre aktiv og svarar ikkje folk på same måten. Om denne personifiseringa av politikken skapar meir interesse blant folket er uvisst for meg, eg lurar heller på kva neste trekk er. Realityshow?
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar