onsdag 4. november 2009

Løvekongen


Andpusten, varm og lettare rosa i kinna er eg glad for å endeleg ha nådd toppen av alle trappetrinna i det gamle bygget i Covent Garden. Eg møter ein mann som sel program og eg seier ja takk til det dyraste. Det neste er ein slags bardisk med alskens avkjølte forfriskingar. Det går opp for meg at det er ganske strategisk å ha så mange trappetrinn også ein bardisk også vere sikker på at gjestane må vente ved bardisken i nesten ein halvtime før dei kan gå vidare.

Eg skal på musikal. The Lion King, som den så fint heiter. Etter å ha slukt ein iskald cider og sett litt i det dyre programmet seljaren prakka på meg, slepp eg endeleg inn i salen. Den gigantiske salen som ikkje tillet fotografering under sjølve showet. Før eg rekk å tenkje meg om er det heile i gang. Overveldande med det same. Dyr av alle slag dansar rundt på scena, den eine karakteren meir imponerande enn den andre. Hadde det ikkje vore for den fløyelsraude stolen hadde eg nok lett trudd eg var midt på ei eller anna afrikansk savanne.

Aller størst er elefanten. Enorm som berre det. Hyenar, fuglar, sjiraffar, gasellar og ikkje minst – løver. Alle desse er eksotiske skapningar vi kjenner att frå Disney-versjonen av The Lion King. Den store forskjellen er menneska. Kvar einaste karakter i denne musikalen er eit menneske. Eit menneske med anten ei maske, med ei slags dokke, eller kanskje som føtene til eit dyr. Imponerande er særleg menneskesjiraffane på stylter:
Eg oppdagar raskt at sjølve handlinga i stykket er ganske lik den vi kjenner frå Disney-filmen, der hovudkarakteren Simba går frå å vere liten løveunge til å bli vaksen løvekonge. På vegen kjem det som kjent fleire utfordringar i vegen. Scar, onkelen til Simba, finn ut at han ikkje lengre er eit alternativ som tronarving da Simba kjem til verda. Derfor har han alltid eit vondsinna forhold til Simba og faren, Mufasa. Død, sorg og forviklingar blir derfor ein del av historia, samtidig som det handlar om nestekjærleik og det å finne sin plass her i livet.


Musikalen har fått eit veldig sterkt preg av Afrika. Til dømes er mandrillen Rafiki i musikalen ei slags vis trollkvinne av noko slag, i staden for det raudnasa sjimpanseliknande dyret vi kjenner han som. Rafiki syng noko som i mine øyrer høyrest ut som eldgamle, afrikanske trolldommar og er ikledd ei afrikansk drakt av noko slag. Dansande grasstrå og likande er òg ein del av det heile. Slik er musikalen fantastisk; menneske spelar alle roller.
Hovudrolleinnehavar Shaun Escoffery (Simba som vaksen) har fleire sterke musikalske prestasjonar i denne musikalen. Høgdepunktet for min del er nok He lives in you, songen der faren Mufasa, som tidlegare har døydd, viser seg i form av eit kjempeløvehovud og talar til Simba. Dette får Simba til å innsjå kven han eigentleg er. Han skjønnar at han må lære av feila sine og vende attende, slik at han kan bli den neste løvekongen. Eit anna, svært humoristisk og livleg høgdepunkt er Timon og Pumbaa sin Hakuna Matata. Den bekymringsfrie tankegangen smittar lett, og snart er det ein fullsett og smilande sal som sit der.

Sjølv om musikalen nettopp har feira ti års jubileum i London i haust, så er det mage forventningar som skal innfriast når det er eit såpass kjent stykke det er snakk om. Desse forventningane innfrir sikkert for mange, men personleg saknar eg ein enda meir heilskapleg versjon av den kjente Can you feel the love tonight, for eksempel. Kortversjonen er heilt grei, men den mangla trøkket, energien og ”det lille ekstra” for å bli magisk, noko det absolutt kunne ha vore. Likevel er det med god grunn ein av dei aller lengst viste musikalane nokon sinne. Det er eit imponerande meisterverk av skodespelarar, Julie Taymor (regissør, kostymedesignar og masker) og scenemannskap. Absolutt verd ein visitt dersom du planlegg å besøke verdsmetropolen London.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar