torsdag 19. november 2009

Life of Brian


Den britiske komedia Life of Brian vart utgjeven i 1979. Filmen som på norsk har fått tittelen Profeten Brians liv og historie, vart ikkje automatisk tillaten i Noreg. Da den kom hit i 1980, vart den først stoppa, og vart ikkje lovleggjort før langt seinare same år. Medietilsynet, eller Statens filmkontroll som det den gongen heitte, begrunna avgjerda med at den var blasfemisk og viste derfor til blasfemiparagrafen. Blasfemiparagrafen jobbast det med om dagen. Regjeringa vil nemleg fjerne paragrafen, og i staden utvide rasismeparagrafen til å omhandle "angrep på religion eller livssyn". Så gjenstår det å sjå korleis dette blir i praksis.


Når det gjeld sjølve filmen, så er det forståeleg at den vart skulda for å vere blasfemisk. Trass i at hovudkarakteren heiter Brian, og ikkje Jesus, så er det tydlege paralellar til den historia vi kjenner frå Bibelen. Det første vi ser er silhuetten av tre mystiske menn som rir på kamelar mot ei stor stjerne på nattehimmelen. Det neste er at dei besøkjer ei mor (spelt av ein mann) med ein liten baby. Dei ber med seg gaver som dei hevdar er gull, røkelse og myrra. Gjennom filmen veks barnet opp, blir vaksen, og blir alltid sett på som frelsaren. Dessutan er det ein del snakk om krossfesting gjennom filmen. Det er mange som let seg krossfeste og denne handlinga blir derfor simplifisert på eit vis og latterleggjer også Jesus og den historiske krossfestinga. Likevel har eg vanskleg for å forstå at filmen først fekk 18 års aldersgrense. Den er komisk, men ikkje grotesk på den måten som filmar med den aldersgrensa er i dag. Ikkje før i 2004 vart filmen sett ned til 11 års aldersgrense.

onsdag 18. november 2009

Colours of London

London er fargar frå a til å og kanskje til og med til å to gongar. Det er den mest fargerike byen eg nokon gong har vore i. Likevel presenterer eg her ein del bilde i fargar og ein del i svart/kvitt. Det er nemleg ikkje berre synlege fargar som fargar London. London er så utruleg mykje meir og let seg farge av både det eine og det andre.
Drosjer finn du i alle moglege slags fargar. Alt i frå prikkete kvite og gule til denne.

Tube map, eller kart over undergrunnssystemet er kjekt å ha og dessutan veldig oversiktleg nettopp på grunn av alle fargane.

Kven har vel ikkje høyrt eller sett dei raude telefonkioskane i England?


Dører finn du òg i alle fargar. Limegrøne, rosa, blå, raude, svarte, oransje, turkise - kort sagt; alle fargar.















Undergrunnsskilt ved Oxford Circus, betre kjend som Oxford Street.














Til og med menneska og kleda er fargerike i London!











Portobello Road sjarmerer mange med sine fleirfarga hus og små boder.





Også kjem delen som ikkje er like synleg fargerik. Ein mann sit åleine på ein benk og ser ut over Themesen. Han har kamera og stativ. Han har hatt, han røykjer og han passar perfekt inn i bildet når eg skal til å fotografere Westminster Palace med Big Ben.
Tower Bridge er flott, gamal og deler seg på midten eit par gongar for dagen.










Også er det London Eye. Eller berre The Eye, som den blir kalla. Det enorme pariserhjulet er kjend for mange og kan sjåast på lang avstand. Når det gjeld bildet til høgre, så kan det kan vere greitt for nordmenn å vite kva veg dei skal sjå i dét dei gjer seg klare til å krysse vegen.

tirsdag 17. november 2009

Bruken av IKT i skulen går ned


Sjølv hugsar eg kor stas det var når vi ein sjeldan gong fekk bruke datarommet på skulen. Nå derimot, er det få minutt utan data i den vidaregåande skulen for min del. Men så er det altså slik: ein rimeleg fersk rapport frå ITU (Forsknings- og kompetansenettverk for IT i utdanning) Monitor 2009 - Skolens digitale tilstand, viser at bruken av IKT i grunnskulen har gått ned dei siste to åra. "Den norske grunnskolen er akterutseilt og klarer ikke å integrere data i undervisningen. Det går utover elevenes ferdigheter i alle fag", meiner Vibeke Kløvstad, prosjektleiar for ITU Monitor.


Thomas Hepsø, prosjektleiar for trygg mediebruk i Medietilsynet, meiner at det er viktig at unge lærer seg å utnytte teknologien på rett måte. ”Det er blitt helt vanlig at barn og ungdom bruker mye tid på data og Internett hjemme og på fritiden. Når underholdningsbruken av data er så stor er det veldig viktig å fokusere på den korrekte pedagogiske bruken av IKT i grunnskolen slik at denne siden av IKT kan utnyttes til fulle også”, uttalar Thomas Hepsø. Kjelde Bilde

torsdag 5. november 2009

Viljens triumf


Viljens Triumf, eller Triumph des Willens, som den originalt heiter, er ein propagandafilm frå 1935. Samtidig er den ein hyllest til der Führer, Adolf Hitler, som sjølv beordra at filmen skulle bli til. Filmen startar med at vi ser Hitler i fly – stigande ned frå skyene. Vel nede på bakken let han seg hylle av tusenvis med menneske som helsar han med ”Sieg Heil-helsingar. Det blir sagt at Hitler sjølv valde tittelen på filmen og at intensjonen hans var at ”filmen skulle vise forholdet mellom folket og føraren på ein dokumentarisk måte”[1]. Grunnen til at filmen blir omtalt som ein propagandafilm, er at det er propaganda i høgste grad. Hitler blir framstilt som ein helgen og folkevenn og folket elskar han som berre det. Dette einsidige bildet av han gjorde nok lett at folk trudde på det (det var jo òg meininga), og han fekk enda fleire ”tilbedarar”.


onsdag 4. november 2009

Løvekongen


Andpusten, varm og lettare rosa i kinna er eg glad for å endeleg ha nådd toppen av alle trappetrinna i det gamle bygget i Covent Garden. Eg møter ein mann som sel program og eg seier ja takk til det dyraste. Det neste er ein slags bardisk med alskens avkjølte forfriskingar. Det går opp for meg at det er ganske strategisk å ha så mange trappetrinn også ein bardisk også vere sikker på at gjestane må vente ved bardisken i nesten ein halvtime før dei kan gå vidare.

Eg skal på musikal. The Lion King, som den så fint heiter. Etter å ha slukt ein iskald cider og sett litt i det dyre programmet seljaren prakka på meg, slepp eg endeleg inn i salen. Den gigantiske salen som ikkje tillet fotografering under sjølve showet. Før eg rekk å tenkje meg om er det heile i gang. Overveldande med det same. Dyr av alle slag dansar rundt på scena, den eine karakteren meir imponerande enn den andre. Hadde det ikkje vore for den fløyelsraude stolen hadde eg nok lett trudd eg var midt på ei eller anna afrikansk savanne.

Aller størst er elefanten. Enorm som berre det. Hyenar, fuglar, sjiraffar, gasellar og ikkje minst – løver. Alle desse er eksotiske skapningar vi kjenner att frå Disney-versjonen av The Lion King. Den store forskjellen er menneska. Kvar einaste karakter i denne musikalen er eit menneske. Eit menneske med anten ei maske, med ei slags dokke, eller kanskje som føtene til eit dyr. Imponerande er særleg menneskesjiraffane på stylter:
Eg oppdagar raskt at sjølve handlinga i stykket er ganske lik den vi kjenner frå Disney-filmen, der hovudkarakteren Simba går frå å vere liten løveunge til å bli vaksen løvekonge. På vegen kjem det som kjent fleire utfordringar i vegen. Scar, onkelen til Simba, finn ut at han ikkje lengre er eit alternativ som tronarving da Simba kjem til verda. Derfor har han alltid eit vondsinna forhold til Simba og faren, Mufasa. Død, sorg og forviklingar blir derfor ein del av historia, samtidig som det handlar om nestekjærleik og det å finne sin plass her i livet.


Musikalen har fått eit veldig sterkt preg av Afrika. Til dømes er mandrillen Rafiki i musikalen ei slags vis trollkvinne av noko slag, i staden for det raudnasa sjimpanseliknande dyret vi kjenner han som. Rafiki syng noko som i mine øyrer høyrest ut som eldgamle, afrikanske trolldommar og er ikledd ei afrikansk drakt av noko slag. Dansande grasstrå og likande er òg ein del av det heile. Slik er musikalen fantastisk; menneske spelar alle roller.
Hovudrolleinnehavar Shaun Escoffery (Simba som vaksen) har fleire sterke musikalske prestasjonar i denne musikalen. Høgdepunktet for min del er nok He lives in you, songen der faren Mufasa, som tidlegare har døydd, viser seg i form av eit kjempeløvehovud og talar til Simba. Dette får Simba til å innsjå kven han eigentleg er. Han skjønnar at han må lære av feila sine og vende attende, slik at han kan bli den neste løvekongen. Eit anna, svært humoristisk og livleg høgdepunkt er Timon og Pumbaa sin Hakuna Matata. Den bekymringsfrie tankegangen smittar lett, og snart er det ein fullsett og smilande sal som sit der.

Sjølv om musikalen nettopp har feira ti års jubileum i London i haust, så er det mage forventningar som skal innfriast når det er eit såpass kjent stykke det er snakk om. Desse forventningane innfrir sikkert for mange, men personleg saknar eg ein enda meir heilskapleg versjon av den kjente Can you feel the love tonight, for eksempel. Kortversjonen er heilt grei, men den mangla trøkket, energien og ”det lille ekstra” for å bli magisk, noko det absolutt kunne ha vore. Likevel er det med god grunn ein av dei aller lengst viste musikalane nokon sinne. Det er eit imponerande meisterverk av skodespelarar, Julie Taymor (regissør, kostymedesignar og masker) og scenemannskap. Absolutt verd ein visitt dersom du planlegg å besøke verdsmetropolen London.