onsdag 21. oktober 2009
onsdag 7. oktober 2009
Sofie den gode
- Eg er kanskje litt monster på innsida, men ganske flink til å skjule det, trur eg, smiler Sofie lurt.
Sjølv om mor hennar som sjølv jobbar både seint og tidleg, i fjor haust skulda henne for å vere som Hermine Grang i Harry Potter, er Sofie ein heil himmel meir enn Hermine. Sofie er sosial og med på alt heilt ut i dei seine nattetimar (eller var det tidlege morgontimar?). Sjeldan ser du Sofie i dårleg humør, og har du det eine eller det andre problemet, stort eller smått, kan det meste fiksast med ei dose Sofie.
Sofie sjølv, meiner at noko av grunnen til det gode humøret hennar nettopp er at ho ikkje greier å vere sint over lang tid. - Det er kjedeleg å vere sur, det gidd eg ikkje, seier ho. Denne innstillinga gjer ho til ein godt likt person med mange venner og ein brei omgangskrets.
Kva interesserer gode Sofie da? – Venner er viktig for meg, svarar ho kjapt. Også er eg litt fan av heimekos med baking, bøker, tv og data. Likevel kan ho bekrefte påstanden om at ho er interessert i verda og det som skjer rundt ho. – Ja, eg er jo det. Men eg har lyst til å drive med så mykje forskjellig at eg ikkje heilt klarar å bestemme meg. Også er eg ganske treig og litt lat smiler ho lurt.
- Kva eg gjer om ti år? Da jobbar eg for ei betre verd ein eller annan stad. Eg vil iallfall jobbe med menneske på den eine eller andre måten, anten det er å løyse verdsproblem eller det er å spreie glede med ein koseleg kafé i den elles så grå kvardagen til folk. Og kven veit, kanskje er ho ti år i framtida aktuell som ein sentral internasjonal arbeidar for fred?