
- ein dogumentary-film av Margreth Olin
Ungdommens råskap er ein dogumentary-film frå 2004. Filmen tek for seg nokre tiendeklassar ved Hauketo ungdomsskule og nokre utvalde elevar er filma meir enn andre. Gjennom filmen ser vi ein del konfliktar og ”problem” som oppstår, både mellom elevar, på tvers av kulturar og mellom elevar og lærarar. Vi får inntrykk av at det til tider er eit ganske hardt og brutalt skulemiljø, der mellom anna ein lærar blir dytta til av ein elev. Eg synest filmen er underhaldande og dessutan interessant, fordi eg trur slike episodar som filmen inneheld førekjem på norske skular den dag i dag.
Dogumentary-regel 2 er ”Filmens ide og formål skal skisseres kort i begynnelsen av filmen”, og dette blir gjort i Ungdommens råskap. Noko av det første vi ser er nemleg eit utdrag av eit dikt av Jens Bjørneboe. Utdraget seier noko slikt som at ungdom og vaksne ikkje snakkar same språk, dei forstår ikkje kvarandre, men likevel saknar du ungdomstida så snart du blir vaksen. Filmen handlar nettopp om ungdommar, korleis dei kommuniserer, reagerar og handlar. Vi ser òg korleis lærarane og elevane ikkje alltid er på same planet, men sidan er dei stolte av elevane sine når dei har berga seg rimeleg bra på munnleg eksamen (til trass for heller dårlege standpunkt). Filmen avsluttar òg med at vi ser den vesle dottera til regissøren Margreth Olin stabbe seg opp trinn for trinn i ei trapp på skulen. Ho er snart den neste som skal kaste seg ut i ungdomstid – ei tid med fridom og utfordringar.
Dogumetary-regel 4 er ”Alle klipp skal markeres. (Unntaket er klipp i ”real-time”, det vil si direkte klipp i en flerkamera-stituasjon).” Klippa i denne filmen er svært tydlege, av og til irriterande tydlege. Det er gjerne eit bittelite opphald mellom to klipp, der skjermen blir svart og det ikkje er noko form for lyd. Sjølv om dette berre er snakk om eit ørlite opphald er det nok til at iallfall eg rakk å lure på om filmen hadde stoppa. Det blir klipt før du anar det i Ungdommens råskap, det gjer til dømes ingenting om det er midt i ei samtale.
Dogumetary-regel 6 er ”Lyd må aldri produseres atskilt fra de originale filmopptakene eller omvendt. Det er ikke tillatt å mixe inn musikk eller dialog i etterkant.” Filmen inneheld utelukkande det vi kallar reallyd. Det vil seie den lyden som ”skjer” der og da opptaket blir gjort. Lyden er altså naturleg. Dette gjer at det av og til er vanskeleg å få med seg dialogar og samtalar, fordi folk snakkar heilt vanleg, som om det ikkje var ein film, og det kan derfor gå litt fort eller vere litt utydeleg. Det kan òg vere irriterande, fordi ein høyrer godt ”ulydar” og støy som glidelåsar, rasping, dunk m.m. Likevel har det truleg vore ein lydmann inn i bildet og forsterka/dempa ettersom det passar seg. Verdt å merke seg at rulleteksta har musikk som er lagt på i etterkant.
Det er eit diskusjonsspørsmål om dogumentaryen er meir ”sann” enn dokumentaren. I ein dokumentar har ein meir friheit når det gjeld redigeringa, ein kan fikse og trikse meir, og derfor både ”pynte” og ”forverre”. Men likevel er dogumentaryen berre mange klipp av mange, mange timar med film, og det er derfor ikkje heile ”sanninga” som blir vist på skjermen. I dogumentaryen er det forbode med bruk av skjult kamera, som da kan brukast i ein dokumentar. Det er openbart at folk oppfører seg annleis dersom dei veit at dei blir filma enn når dei ikkje veit noko om det. Skjult kamera kan derfor fange opp heilt naturlege og realistiske scener, og dette vil aldri kunne skje i ein dogumentar, der skjult kamera som nemnt er forbode.
Kjelde: Asbjørnsen, Bjørnsen, Kjendsli, Løvskar, Totland: "Mediemøte 2", Aschehoug 2007. Bilde





